Våre tiltak

VTA – varige tilrettelagde arbeidsplassar

Målgruppa for dette tiltaket er personar som har fått, eller vil få innvilga uføretrygd, og som ynskjer eit tilrettelagt arbeid.

Ulshav har 10 faste plassar for VTA. I VTA er ein tilsett på vanlege vilkår og med bonusløn for arbeidet som vert utført.

Den overordna målsettinga for tiltaket VTA er at arbeidet skal bidra til å oppretthalde, og å utvikle ressursar hos arbeidstakarane. Dette vil kunne gje positive ringverknader for den enkelte:

  • inkludering i arbeidslivet
  • auka sjølvkjensle
  • betre meistringskjensle
  • betre helse
  • auka livskvalitet​

Det er ikkje tidsavgrensa kor lenge ein kan vere i dette tiltaket. Det skal likevel vere ei vurdering undervegs om det kan vere aktuelt med overgong til andre attføringstiltak, eller til fast arbeid i andre bedrifter.​

AFT – arbeidsforberedende trening

AFT rettar seg mot personar som har nedsett arbeidsevne og samansette bistandsbehov og som har behov for oppfølging og tilrettelegging med sikte på å kome i ordinært arbeid.

Ulshav har 10 plassar i AFT.

I første fase av tiltaket handlar det om kartlegging, avklaring, utprøving og å legge ein plan for tiltaksperioden. Dernest blir det forberede neste fase, som er utprøving i ordinært arbeid. Karriererettleiing og opplæring er ein del av tiltaket.

Når tida er inne for å ein arbeidsplass utanom Ulshav, vil oppfølginga frå Ulshav si side skje ute i bedrifta. Målet vil alltid vere å skape framgang og tilnærming til ordinært arbeid.

Tiltaksperioda er eitt år, med mulighet for forlengelse i endå eitt år.

Lærekandidat

I Ulshav har vi også personar som er under utdanning innanfor lærekandidatordninga, der dei avsluttar læretida med å avlegge ei kompetanseprøve.

Dette er i samarbeid med fylkeskommunen. Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre for kommunale- og andre fag har kontorfellesskap med Ulshav i Smårisevadet 15.

Vi er godkjent opplæringsbedrift innanfor desse faga:

  • Bakerfaget
  • Industriell matproduksjon
  • Kokkefaget
  • Logistikkfaget

 

Kom i arbeid

For å søke jobb hos oss må du først kontakte ditt lokale NAV-kontor. Dei vil kunne gi rettleiing til kva type arbeid som kan passe deg.